torsdag 10. mars 2011

Snart på tide


Bjørka er lei
av å bera knoppar
og graset drøymer om bare føter.

Blåveisen
opna seg mot verda i natt
våren sveiv over vatnet.

Høyr du yngste syster mi
lengten er blitt lysegrøn.

Det er snart på tide nå.

Heidi

onsdag 9. mars 2011

Mai månad


Hylla inn
i mjuk skoddekåpe
ligg bjørkegrønt, lindegrønt
og tidleg grasgrønt
med nyvaska livsvilje

Det er mai månad.

Heidi

Stemning


Lufta tett dirrande
kan mest ikkje pusta
for gul sol
og skarp hegg
og desse husa så mykje meir kvitmalte.

Bjørka stryk mot andletet mitt
med vaksne grøne blad
eg syklar endå fortare.

Nokon eg er glad i
er for langt vekke
og heggen er ukjend
med eigne grenser for intesitet.

Heidi

Ho


Ho vaska lesesalen vår
skurde golvet
med klut og desse alltid raudkanta augene
ryggen meire bøygd enn han burde
klamrande til bøkene mine
gøymde eg meg for luksusen
at nokon vaska skiten
under stolen min
lenge medan piasavakosten
skurde samvitet mitt,

Etter eit år
fortalde ho
at ho heitte Ellinor
og at ho hadde eit syrintre i hagen.

Heidi

Nocturne


og det skal vera sommarnatt
og eg
går ut i det kalde regnet
fangar dette levande svale
mot solbrend hud som ikkje får sova
der
skal eg bretta draumane ut
for natta og for Gud
og ingen skal vita
kven av oss som gret.

Heidi

Impuls


Til deg eg smilte til
på metroen i Paris
for tjuefire månadar sidan
Då liva våre i ti minutt
var saman om ein pose kirsebær.
Livet ditt
og dei undrande augnekasta
fann eg aldri att
og mange liv har rørt ved mitt
sidan då.

Heidi

Eventyret


Levande sommardag
med kvite laken i flagrande dans
bak malingslitne stakitt.
Pensjonistmenn på benker med sommarsjeler
og opprulla skjorteermer.
Humlene kjærteiknar støvete blomar
og eit ispapir i veggrøfta
gleda mi er på leit
etter takkerom
med nyperoser
til sommarbruk.

Heidi