torsdag 10. mars 2011

Solblues - fragment frå ein institusjon


Sola mellom skyer
i stadig nye mønster
på nyraka grasplen
der den stolte arbeidskaren
for førtiande gongen
unnar seg ein pause
tungt mot raka.

Ein loddselgjar
frivillig tenestegut
for saniteten
med eit engsteleg smil
frå inst i hjartet.

På sokkane
ein rømling
gjennom vasspyttane
spring forbi i jubel
trygt vitande at nokon snart
skal henta han heim.

På veg til kyrkja for å be
ein liten gammal mann
med smilande skeive auge
i purpurfarga blaser
med marsjmerke
songbok og bibel.

Søppelkjøraren
lempar nøgd
den siste knytte sekken
på trillebåra si
med hundretusen bleier
før regnet kyssar bakken
og alle må gå inn.

Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar