lørdag 12. mars 2011

Landskap


Barndomen
var bleikguk
med skjermande steingardar kring.

Om sommaren var det grønare
men blåklokkene var blå.

Stundom
som hånlege sukk
som gufs frå ein giftfarga nordavind
dei vaksne sine nakne sekund
i smerte
me ikkje fekk sjå.

Heidi

Sundag


Eit tannglas i plastikk
med kvit duk under
på den første sundagsskulen min
til varme handsveitte kronestykke
til svoltne barn i Afrika.

Minneversa
og songane
dei hemmelege
heilage orda.

Sidan var sundagen
kjøttkakesaus og poteter
med grøne stua erter
og ny kvit strømpebukse
og framleis trong me pute under rompa
for å nå opp til bordet.

Frå parasollbordet i hagen
steig orda opp
og eg kjende dei att.

Heidi

Severinebendiksen


Så stod me i ei steintrapp
skulle besøkja Severinebendiksen
eller var det ei anna denne gongen?

Eg sa namnet
høgt og taktfast
med støvlettane hardt
mot trappetrinna
og moster si hand i mi
du må vera stille
kviskra ho
her bur dei gamle.

Og Severinebendiksen
var tynnare enn alle
og spela rare tonar på ei fløyte.

Heidi

Paradis


Med luktene
av rå våt jord
for første gong på lenge
med nye låge skor
eit paradis i grusen.

Ikkje skrapa skotuppane
nye og blanke
må vårskorne vera.

Og dei som stod i bakken
som blå og gule soler
var krokus.

Krokus
som krukker
melis og lakris.

Ikkje tråkka på strekene
ikkje plukka krokus
halda den glade boblaa
heil og skjør i magen
smila noko hemmeleg
hoppa paradis.

Heidi

Etter møtet


Koppane reine i skapet
og dei store kaffikjelane
reine for grut
natta pakkar seg mjukt kring huset
og kinna brenn.

For me er femten år
vert sitjande på kjøkkenbenken
alt for trøytte og levande
til å gå heim.

Me må be
seier nokon
og me ber
til me kjenner sjelene
nærma seg taket
der dei blandar seg
med lukt av maling
og brent kaffigrut.

Og me opnar auga i undring.

Heidi

Vinternatt



Siste vinteren
i hus med Astrid
med te og grøne eple
midt på natta
og fingertuppane
litt engstelege mot bordplata
snart skulle alt
bli så annleis.

Du er vakker
seier eg
vakker og sterk
og me ler
for slikt seier ein ikkje.

Sjå ut mot framtida Astrid
og fly
når det blir varmt nok.

Heidi

Vindu



Venninna mi
har vindu
med spindelvevsgardiner
som nokon eingong hekla
og sidan gløymde att.

Torun har strødd sommarstrø
på vinterkaka si
som blomar i februar
lyser fargane mot kremen.

Utanfor er snøen kvit
heklegardinet tolmodig mellomledd
eit vindu ut mot frosten
og duken er blå som ein sommar.

Heidi