onsdag 9. mars 2011

Døtre av gleda


Dei drikk sol
og kjenner hjarteslaga leva
i takt med sjølve havet.

Varme glade
let dei kalde bølgjer
kjærteikna varm hud.

Døtrene av gleda
klemmar einannan
og dei veit i styrke
at dei kjenner livet
og treng ikkje vera redde
så lenge dei har røter
i sommaren sjølv.

Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar