onsdag 9. mars 2011

Annegro


Ho som dansa seg inn i livet mitt
med blodraud neglelakk
og eigen drosje
til alt ho ikkje skulle kjøpt i byen
og som ho ikkje greide bera med seg.
Ho
som sette alle dører vidopne
og som laga papirfly av tusenlappane
då studielånet ho gløymde å søkja om
endeleg var der.
Ho
som brått ein morgon
var flytta til Paris
fordi det kjendest slik
den dagen.

Stikk innom mange sitt liv, Annegro
me treng det.

Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar