lørdag 12. mars 2011

Landskap


Barndomen
var bleikguk
med skjermande steingardar kring.

Om sommaren var det grønare
men blåklokkene var blå.

Stundom
som hånlege sukk
som gufs frå ein giftfarga nordavind
dei vaksne sine nakne sekund
i smerte
me ikkje fekk sjå.

Heidi

Sundag


Eit tannglas i plastikk
med kvit duk under
på den første sundagsskulen min
til varme handsveitte kronestykke
til svoltne barn i Afrika.

Minneversa
og songane
dei hemmelege
heilage orda.

Sidan var sundagen
kjøttkakesaus og poteter
med grøne stua erter
og ny kvit strømpebukse
og framleis trong me pute under rompa
for å nå opp til bordet.

Frå parasollbordet i hagen
steig orda opp
og eg kjende dei att.

Heidi

Severinebendiksen


Så stod me i ei steintrapp
skulle besøkja Severinebendiksen
eller var det ei anna denne gongen?

Eg sa namnet
høgt og taktfast
med støvlettane hardt
mot trappetrinna
og moster si hand i mi
du må vera stille
kviskra ho
her bur dei gamle.

Og Severinebendiksen
var tynnare enn alle
og spela rare tonar på ei fløyte.

Heidi

Paradis


Med luktene
av rå våt jord
for første gong på lenge
med nye låge skor
eit paradis i grusen.

Ikkje skrapa skotuppane
nye og blanke
må vårskorne vera.

Og dei som stod i bakken
som blå og gule soler
var krokus.

Krokus
som krukker
melis og lakris.

Ikkje tråkka på strekene
ikkje plukka krokus
halda den glade boblaa
heil og skjør i magen
smila noko hemmeleg
hoppa paradis.

Heidi

Etter møtet


Koppane reine i skapet
og dei store kaffikjelane
reine for grut
natta pakkar seg mjukt kring huset
og kinna brenn.

For me er femten år
vert sitjande på kjøkkenbenken
alt for trøytte og levande
til å gå heim.

Me må be
seier nokon
og me ber
til me kjenner sjelene
nærma seg taket
der dei blandar seg
med lukt av maling
og brent kaffigrut.

Og me opnar auga i undring.

Heidi

Vinternatt



Siste vinteren
i hus med Astrid
med te og grøne eple
midt på natta
og fingertuppane
litt engstelege mot bordplata
snart skulle alt
bli så annleis.

Du er vakker
seier eg
vakker og sterk
og me ler
for slikt seier ein ikkje.

Sjå ut mot framtida Astrid
og fly
når det blir varmt nok.

Heidi

Vindu



Venninna mi
har vindu
med spindelvevsgardiner
som nokon eingong hekla
og sidan gløymde att.

Torun har strødd sommarstrø
på vinterkaka si
som blomar i februar
lyser fargane mot kremen.

Utanfor er snøen kvit
heklegardinet tolmodig mellomledd
eit vindu ut mot frosten
og duken er blå som ein sommar.

Heidi

Lyset


Den dagen me gjekk på bakken
og såg grusen løysa seg opp
i geometriske mønster
der snøen ikkje lenger var.
Og du sa
at i dag hadde Gud elska hol i vinteren.

Open himel over oss
dropar frå ei grein
vatn over andletet mitt
som ei bøn til Gud.

Heidi

Vår i Oslo


Full av mot
men usnleg mest
i førsten
sneik han seg til Oslo og
våren.
Først legg han seg flat
på ganggolvet mitt
som ein trassig liten sandhaug
ei vekes tid
før han samlar siste rest
av isfjellet
på fortauskanten
og folk kan plukka takrasstakar
inn i varmen.

Ein dag smeltar ho om
til eit omgjengeleg menneske
dama på busshaldeplassen.

Og på dei underlegste stadar
spirer som for livet
nyforelska par
i litt for tynne jakkar.

Heidi

Juniregn


Junidaganes
stille mjuke regn
som bare er
i luktene
frå våe rhododendron
og springande syriner.

I dammen på ein stein
ei and
tålmodig våt
med ungar under venga,
gule ventande

Løvetanna
pjuskete
aldrande
snart skal ho kasta
sine kvite stjerner
si siste livskraft ut
for komande slekter

Men endå
juniregn

Ha tol

Julikveld


Md jordbærsøt melankoli
av sprikande kjensler
på tunga
himmelen teiknar laveringar
i gråtonar frå Tinghaug
til nederst
der Frøylandsvatnet forsvinn
i lyden av nokon
som sopar asfalten
framfor huset sitt.
På klessnora mi
blå og grøne T-skjorter
der lysnar i vest
fugleskrik.

Heidi

Diminuendo


Julikveldane
så mette dei er
på liv og lukter
og trøytte tankar
som knapt hugsar lenger
kor dei høyrer til.

Fisk som vakar
i vatnet boblande ringar
i den tunge mogne dåmen
av nyslege gras,

Så mykje dei veit desse kveldane
på reis
gjennm rabarbra og stikkelsbær
mot dette som ingen veit.

Heidi

Jordbær-med-fløyte-dikt


Med knasande sukker
vert dei sol mot tunga
jordbæra
raud glede
med grønprikkete skinn
omsorgsfullt bada
i mjuk smilande fløyte.

I jublande små eksplosjonar
vaknar sommaren i oss
og me smiler mette
mot einannan.

Heidi

I større tre


Som fuglar
i store tre om sommaren
skulle me kvila oss mette av ly
utan angst for natta
trygge på trassen
og vengene
som kan tola større djup
om me må.

Ikkje stri med tankar
bare fylla nebbet
med mørkeraudt kjøt
frå mogne moreller.

La steinane henga att
så nye fuglar
kan få andre tre
seinare.

Heidi

August att


Grøne lukter
etter regn i hagen
kring stikkelsbæra
mjukt sprengande mot skalet
og resten av verda.
Dei er slitte nå
dei raude treskorne mine
og løfta søvnig skjelvande
av mogen poesi.

I ripsbusken står svigerfar
med slips
og spelar fløyte.

Heidi

Eit kjærleiksdikt


Til deg den gongen me
først var på tur saman
aleine ein kniplingskvit
desembersundag
på Grorudbanen
med dobbel walkman
og musikk me ikkje heilt kan hugsa
eg på fanget ditt
med vottane av
strikka raude julegaveslips.
Lengst oppe
grovbrød med geitost og smør
og eg tok av deg øyreklokkene
og kviskra i begge øyrene dine

Heidi

September


Du er så kvit
sa ho
og kjende det var sant
medan ho strauk han under foten
med eit grasstrå
framleis grønt.

Du er kvit
og eg er grønare
kviskra ho nød
og fingrane glei gjennom håret hans.

Heidi

Te Deum


Inst og først
i dagen
søkja deg som er.

Finna lidinga
og den uskumma kjærleiken
så lenge eg har mot nok.

Så opnar eg hendene
kjenner livet stryka meg
varmt og krevande.

Heidi

Postludium


Og orgeltonen
stilnar av
forsiktig
lukkar eg salmeboka
den raude løparen
på veg mot utgangsdøra.

Ver hos meg ei stund til
kviskrar eg
for framleis er alt heilag.
Og saman finn me fargane
skal skapa meg eit liv.

Heidi

Bøn


Kom
Skap oss, Gud
Skil lys frå mørke
i oss- dei skapte.
Skap veg
for all god lengt.

Skap oss Herre
Ei jord.

Heidi

Noa


Noa har lagt tåke
kring glasa på Arken
han kikkar opp bak likesæla
og ser på den minste elefantungen.

Noa har valt annleis
han blir verande i båten
bare gynga med
og drøyma om bjørkelauv
i barndomen ein stad.

Heidi

torsdag 10. mars 2011

Hast


Skund deg
du som kjenner lyset.
Fang det i hendene dine
mal det
skriv det ned
syng det til ein du møter.
Lev det lilla lyset
det raude og det blå.
Svøyp regnbogen kring deg
før alt blir annleis
og lyset sloknar ein sein kveld
inn i ei større natt.

Heidi

Kristus


Innanfor lidinga
innanfor huda
på det nakne livet
der ingen kom djupare
skimtar me det glimtvis
lyset.

Heidi

Dersom likevel


Om dei likevel
skulle verta sagde
dei rette orda
du alltid har søkt
ein vanleg torsdag
over ei skive grovbrød
skulle du stryka dei varsamt
eitt for eitt med tanken din
og gøyma dei godt
dei er så blyge orda

Heidi

Togreise


Eg møtte ein gong ein mann
med rutete slips
nokon hadde strikka
dei grå ullsokkane hans.

Han delte sjokoladen i to
og hadde vore barn ein gong, sa han.

Og nokon hadde stroke skjorta hans
med dei frynsete mansjettane.

Då toget stoppa
kviskra han
at han trudde på Gud.

På sin måte.

Heidi

Stilleben


Eit lam
for seint på året
sprukken
frosen
jord
ingen andre
bare lammet
og ein kross.

Heidi

Ceur Mathilde


Eg såg ein gong ei nonne
ho vassa i snøen
i sid svart kjole
ho hadde tannverk
og tidebøner
og ei stove som var kapell.

Ho song ein ukjend salme
og tende kvite lys
under den svarte kjolen
bar ho eit gråtande auge.

Heidi


I slutten skal du vita
det var livet ditt du kjende
nake, mjukt og barskt
og så skal røysta høyrast
med ord du kjenner att:

Velsigna vera du
som ennå kjende.

Heidi

Der


Og innerst inne
bak dei raude slyngrosene
i inste krok av himmelen
skal vaktmeistaren plystra
glade melodiar mot den varme sola
medan han tørkar av
dei moldsvarte hendene
mot overallen sin.

Frå nokon stad
skal det koma ein kvit katt
og vinden skal kviskra
ord som alle forstår.

Heidi

Storbyvinter


Høgblokkene
desse kjempene
til knes i kvit avmakt
med ein resignert grå himmel
der telefontrådane
er noteliner
utan tonar
for forfrosne måkar
med hjelpelause melodiar
over landet.

Heidi

Pieta


Ein av desse dagane
som smerta var meg nære
og alt var mjukt som spindelvev
såg eg deg på bussen
du og plastposane
og dei rare redde augene
slik eg så ofte gjer det

Og for første gongen
kjende eg deg att.

Heidi

Bilete frå creative commom Flickr

Dei


At dei har sprekker
me ikkje kan vita av
ser ein på bussen

Dei ser på folk
med opne blikk
og stundom med gul trass

Dei gaular
at båten er på havet
og at Jesus var ein stor profet
og et dei har drukke to pils

Meir får ingen vita.

Heidi

Møte


Han sat hos meg
på trikken
gensaren var gul
ta i mot angsten min
bad han
i den opna handa
eit sår med skit i
eit lågmælt ord
og augene mine
rett fram
som dei hadde lært meg det
Då eg vende hovudet
såg eg augene hans
døy i eit sekund.

Heidi

Solblues - fragment frå ein institusjon


Sola mellom skyer
i stadig nye mønster
på nyraka grasplen
der den stolte arbeidskaren
for førtiande gongen
unnar seg ein pause
tungt mot raka.

Ein loddselgjar
frivillig tenestegut
for saniteten
med eit engsteleg smil
frå inst i hjartet.

På sokkane
ein rømling
gjennom vasspyttane
spring forbi i jubel
trygt vitande at nokon snart
skal henta han heim.

På veg til kyrkja for å be
ein liten gammal mann
med smilande skeive auge
i purpurfarga blaser
med marsjmerke
songbok og bibel.

Søppelkjøraren
lempar nøgd
den siste knytte sekken
på trillebåra si
med hundretusen bleier
før regnet kyssar bakken
og alle må gå inn.

Heidi

Kvinnene


Mykje hat
har dei viss stroke vekk
kvinnene
stroke usemja glatt
og nynna barnesriket
i små stykker av eventyr.

Men hendene deira
alltid annleis
ikkje så mjuke lenger
og til slutt kalde.

Det var ikkje dugløyse
kviskrar hendene
eg mangla ikkje mot.

Så trøytte.

Heidi

Første bøn for frøet


Sovande du i inste rommet
av ein mjuk kropp
der du valde livet
kvila skal du
vesle skjelvande
og livet skal eingong
om sju månadar eller så
syna oss
ansiktsdraga dine
og kviskra oss frysande
ord om kjærleik.

Heidi

God tur


Du har gitt meg striper
jublande raude
som kledde du magen min
til fest
i eit anna univers
brysta mine har du gjort tunge
ukjend angande
av søtt liv
snart skal du drikka deg til liv
og varme,
men endå er du
muntert sparkande
mot hoftene mine.
Med hendene søkjer eg
kroppstrekka dine
stryk deg
og ynskjer deg mykje lukka
på di første lange ferd
gjennom mine smerter
mot sola.

Heidi

Barselavdeling


Dette flodlandskapet
med kvinnene
tungt vaggande
med store tome magar
og sting som er for stramme
bleike med strimete hår
og små soler i auga
over det heile
luktene
mjølk og klorin
blod og grønnsåpe
det lukkelege barneskriket
frå gulsottgule
glupske små varulvar
englar som aldri vert mette
i sitt første møte med livet
denne rare voggande verda
for kvinner.
Eit hemmelegheilag land som flyt
av mjølk og blod og tårer.

Heidi

Mødrene


Så er eg av dei
mødrene
med svevn lettare enn spindelvev
og sommarfuglvenger
torer ikkje missa pusten
frå barnesenga
eit einaste sekund.

Ei av dei mange
mødrene på jorda
i bøn
med blomstrande engstelege voner
ber me barna fram for våre gudar
i eit nett kring universet,

Om nettene
kviskrar eg
framfor ei høgare makt
ord eg ikkje torer sei
om det me fryktar mest av alt
og kring våre netter
surrar
som ein trøytt sverm av mygg
alle våre skjelvande
vakande spørsmål.

Heidi

Nocturne


Du skrik nettene mine
i stykker
og pustar tungt på drauane mine
du vesle rovdyr med krafsande negler
og denne hjartelaust intense
suginga
du syg livskrafta mi til ende
og vil ha meir.

Etterpå stirrande
som frå fjerne somer
du min vesle gjest
med forunderleg mørke
melankolske auge
speglande fjerne evigheiter.

Til slutt sovande
du vesle frosk
på kne med baken opp
ein bleievåt oppdagingsreisande
på veg til oss.

Heidi

Studie


Nakken din
vesle gut
den snaue litt duknakka
gammelmannsnakken
med smale rosa valkar
som to grytelok av marsipan
øyrene dine
forvitne retningsvisarar
mot alle komande vegar.

Salt smakar du
salt og varmt mot tungespissen min
På tunga mi
ei bøn til Gud
om alt som må skje deg.

Heidi

Mariann


Du vesle Guds lys
som lånte livmorog lengsler
her hos oss
så lita i kuvøsa

Eit lite fuglebryst
tappert kjempande
melllom plastslangane
redde strauk me
ryggen din

Dagane gråt me varme og våte
ei vakkert pulserande øy
i det tårevåte havet

Hels til han som elskar
i oss er bare lengten
du rare skjøre sommarfugl
barn av våre draumar

Heidi

Mariannn.

Den første sommaren


Kan du kjenna skuggene
av di første ferd
i sommarlandet
ei vandring i triumf

Den første klissete softisen
ståande mellom fars kne
kjenna det seige kalde
renna mellom fingrane
dra inn for første gongen
angen av moge gras

Då du
ein liten Columbus
ein siklande Vasco da Gama
som det første menneske
høyrde din eigen pust
oppdaga at du levde

Som ein triumferande kjempe
framleis i bleiene
gurgla du tilveret
nådig i møte
og stei fram i jubel
til middagsluren kalla på deg
boren på sterke armar mot dyna

Heidi

Du


Som ein lyseksplosjon
med jord under neglene
og ein frydefull sikleflekk
under haka
kjem du mot meg i den gule genseren,
krabbande,
våt,
gjennom salatbedet.

Heidi

Framhaldet


Då me så hadde knelt i la
eg og alle dei ukjende,
men underleg nære menneska
ville eg tømma begeret til botns,
få i meg kvar minste dropen av Jesu blod,
heile min rasjon nåde.
To blanke dropar låg att på botnen,
eg såg Guds nåde som ikkje lot seg tømma.

Heidi

Vårdikt til Gry


Du på sykkel
ein tirsdagsføremiddag med sol i spilene
og vår på bagasjebrettet
i ny lilla jakke
og med glitter i augene.

Føtene mine
fortare ned trappa
måtte halda velkomstklemmen varm.

Me kjende begge att dette noko,
hadde sett andre vårar fødast.

Fulle av venteglede
skal me ta fram lengten vår.

Heidi

Pasjon


Kald vind
mot einsleg gråtande aprilhimmel
og lengtande, framlis frostgule marker.

Bleikt bøygde snøklokkeandlet
i skjelvande skam mot den mørke jorda.

Verda i taus langfredagsliding.

Vinden nevner eit svik.

Heidi

Oppstode


Jorda let seg kyssa
av halvfrosen vårsol
grønt vitande
at verda igjen
skal få føda gleda.

Nokon
må likevel
ha elska høgare.

Heidi

Grandtante Margit


I natt
kom grandtante MArgit
opp frå grava
og bles åttifem år gammalt støv av kroppen.
Ho farga det gråkvite håret tulipanraudt
og kjøpte seg kappeskjørt og cowboystøvlar.
Med jubel erobra ho verda
medan familien heime beit negler.

I natt gjorde grandtante Margit opprør
og okkuperte draumane mine.

Heidi

Til forkynnaren


Så vakna eg til ny dag.
Eg visste eg var sterk nok
for lyset der ute.

Til blå morgon stod eg opp
i undring over nye sterke hender.

Eg visste bestemt
at eitkvart ein eller annan stad
likevel var nytt under sola.

Heidi