onsdag 9. mars 2011

Bøn


Ord
og urolege tankar
fletta saman
som fingrane mine
kvilande mot dongeribuksa.

Gud
du fjerne
og samstundes den næraste.

Skamma
tungt mot boblande glede
undringa
og dette kjende, trygge.

Gud
eg flettar saman livet mitt
opnar hendene
mot deg.

Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar