onsdag 9. mars 2011

Vinterstid


I endelause gater
mot stadig nye morgonar
med bankande puls
og trøytte kveldar.

Kald vandring
med knirkande snø under skorne
og frysande blikk
på veg forbi.

Så hender det
me finn einannan
og tida får smelta seg varm
i dansande lange minutt
mot noko større.

Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar