onsdag 9. mars 2011

Adventbrev til Jesus


Så låg du der att
smilande i plastkrybba
skulle gje oss høgtid.

Me hadde leita lenge
etter gleda
i ei skuff i vinterkulda.

Er det deg me ser, Jesus?
Gråt for oss.
Me veit ikkje betre.

Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar