Brått
når eg tenkjer på anna
så er ho her, gleda
stikk hovudet fram
frå korga med stryketøy
og luktar solstråler og såpe.
Eller
ho fangar meg i dusjen
med kjærteikn
i varme dropar
før ho klukkler i sluken.
Og eg står att
forfjamsa og varm
med ein glad liten blome
inst i magen.
Heidi
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar