onsdag 9. mars 2011

Til prinsen


Ver så snill
vekk ikkje Tornerose,
stryk lett over håret hennar
og kyss henne mjukt
så ho ikkje vaknar.

Tornerose er redd,
vil ikkje bryta trolldom
orkar ikkje den skodda
dei sa var sjølve livet.

La Tornerose sova,
vekk dei andre først.

Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar