onsdag 9. mars 2011

Oss


Me er her
songaren med dei latterlege skorne
pianisten som har gløymt å greia håret
møteleiaren i sossedress
og slips som ikkje står til skjorta,
sutrande ungar
og eg som sit her og drømmer meg vekk

oss
er det altså
du har planar om å bruka

Me tek i mot
velsigninga.

Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar