onsdag 9. mars 2011

Nyskapning


Me er her att
på kne
for å gje deg bukettar
av azurblå styrke
og strie elver
av bleike nederlag,
revisorar, pelsdamer og konfirmantar
i tette vibrerande minutt.

Varme, levande kroppar
med Jesu lekam
klistra mot ganen
og Jesu blod
i bittersøte straumar ned halsen,

Snart skal me reisa oss
i takk
og gå mot livet kvar for oss

Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar