Eit tannglas i plastikk med kvit duk under på den første sundagsskulen min til varme handsveitte kronestykke til svoltne barn i Afrika.
Minneversa og songane dei hemmelege heilage orda.
Sidan var sundagen kjøttkakesaus og poteter med grøne stua erter og ny kvit strømpebukse og framleis trong me pute under rompa for å nå opp til bordet.
Frå parasollbordet i hagen steig orda opp og eg kjende dei att.
Den dagen me gjekk på bakken og såg grusen løysa seg opp i geometriske mønster der snøen ikkje lenger var. Og du sa at i dag hadde Gud elska hol i vinteren.
Open himel over oss dropar frå ei grein vatn over andletet mitt som ei bøn til Gud.
Full av mot men usnleg mest i førsten sneik han seg til Oslo og våren. Først legg han seg flat på ganggolvet mitt som ein trassig liten sandhaug ei vekes tid før han samlar siste rest av isfjellet på fortauskanten og folk kan plukka takrasstakar inn i varmen.
Ein dag smeltar ho om til eit omgjengeleg menneske dama på busshaldeplassen.
Og på dei underlegste stadar spirer som for livet nyforelska par i litt for tynne jakkar.
Md jordbærsøt melankoli av sprikande kjensler på tunga himmelen teiknar laveringar i gråtonar frå Tinghaug til nederst der Frøylandsvatnet forsvinn i lyden av nokon som sopar asfalten framfor huset sitt. På klessnora mi blå og grøne T-skjorter der lysnar i vest fugleskrik.
Som fuglar i store tre om sommaren skulle me kvila oss mette av ly utan angst for natta trygge på trassen og vengene som kan tola større djup om me må.
Ikkje stri med tankar bare fylla nebbet med mørkeraudt kjøt frå mogne moreller.
La steinane henga att så nye fuglar kan få andre tre seinare.
Grøne lukter etter regn i hagen kring stikkelsbæra mjukt sprengande mot skalet og resten av verda. Dei er slitte nå dei raude treskorne mine og løfta søvnig skjelvande av mogen poesi.
I ripsbusken står svigerfar med slips og spelar fløyte.
Til deg den gongen me først var på tur saman aleine ein kniplingskvit desembersundag på Grorudbanen med dobbel walkman og musikk me ikkje heilt kan hugsa eg på fanget ditt med vottane av strikka raude julegaveslips. Lengst oppe grovbrød med geitost og smør og eg tok av deg øyreklokkene og kviskra i begge øyrene dine
Skund deg du som kjenner lyset. Fang det i hendene dine mal det skriv det ned syng det til ein du møter. Lev det lilla lyset det raude og det blå. Svøyp regnbogen kring deg før alt blir annleis og lyset sloknar ein sein kveld inn i ei større natt.
Om dei likevel skulle verta sagde dei rette orda du alltid har søkt ein vanleg torsdag over ei skive grovbrød skulle du stryka dei varsamt eitt for eitt med tanken din og gøyma dei godt dei er så blyge orda
Og innerst inne bak dei raude slyngrosene i inste krok av himmelen skal vaktmeistaren plystra glade melodiar mot den varme sola medan han tørkar av dei moldsvarte hendene mot overallen sin.
Frå nokon stad skal det koma ein kvit katt og vinden skal kviskra ord som alle forstår.
Høgblokkene desse kjempene til knes i kvit avmakt med ein resignert grå himmel der telefontrådane er noteliner utan tonar for forfrosne måkar med hjelpelause melodiar over landet.
Ein av desse dagane som smerta var meg nære og alt var mjukt som spindelvev såg eg deg på bussen du og plastposane og dei rare redde augene slik eg så ofte gjer det
Han sat hos meg på trikken gensaren var gul ta i mot angsten min bad han i den opna handa eit sår med skit i eit lågmælt ord og augene mine rett fram som dei hadde lært meg det Då eg vende hovudet såg eg augene hans døy i eit sekund.
Sovande du i inste rommet av ein mjuk kropp der du valde livet kvila skal du vesle skjelvande og livet skal eingong om sju månadar eller så syna oss ansiktsdraga dine og kviskra oss frysande ord om kjærleik.
Du har gitt meg striper jublande raude som kledde du magen min til fest i eit anna univers brysta mine har du gjort tunge ukjend angande av søtt liv snart skal du drikka deg til liv og varme, men endå er du muntert sparkande mot hoftene mine. Med hendene søkjer eg kroppstrekka dine stryk deg og ynskjer deg mykje lukka på di første lange ferd gjennom mine smerter mot sola.
Dette flodlandskapet med kvinnene tungt vaggande med store tome magar og sting som er for stramme bleike med strimete hår og små soler i auga over det heile luktene mjølk og klorin blod og grønnsåpe det lukkelege barneskriket frå gulsottgule glupske små varulvar englar som aldri vert mette i sitt første møte med livet denne rare voggande verda for kvinner. Eit hemmelegheilag land som flyt av mjølk og blod og tårer.
Så er eg av dei mødrene med svevn lettare enn spindelvev og sommarfuglvenger torer ikkje missa pusten frå barnesenga eit einaste sekund.
Ei av dei mange mødrene på jorda i bøn med blomstrande engstelege voner ber me barna fram for våre gudar i eit nett kring universet,
Om nettene kviskrar eg framfor ei høgare makt ord eg ikkje torer sei om det me fryktar mest av alt og kring våre netter surrar som ein trøytt sverm av mygg alle våre skjelvande vakande spørsmål.
Du skrik nettene mine i stykker og pustar tungt på drauane mine du vesle rovdyr med krafsande negler og denne hjartelaust intense suginga du syg livskrafta mi til ende og vil ha meir.
Etterpå stirrande som frå fjerne somer du min vesle gjest med forunderleg mørke melankolske auge speglande fjerne evigheiter.
Til slutt sovande du vesle frosk på kne med baken opp ein bleievåt oppdagingsreisande på veg til oss.
Nakken din vesle gut den snaue litt duknakka gammelmannsnakken med smale rosa valkar som to grytelok av marsipan øyrene dine forvitne retningsvisarar mot alle komande vegar.
Salt smakar du salt og varmt mot tungespissen min På tunga mi ei bøn til Gud om alt som må skje deg.
Kan du kjenna skuggene av di første ferd i sommarlandet ei vandring i triumf
Den første klissete softisen ståande mellom fars kne kjenna det seige kalde renna mellom fingrane dra inn for første gongen angen av moge gras
Då du ein liten Columbus ein siklande Vasco da Gama som det første menneske høyrde din eigen pust oppdaga at du levde
Som ein triumferande kjempe framleis i bleiene gurgla du tilveret nådig i møte og stei fram i jubel til middagsluren kalla på deg boren på sterke armar mot dyna
Som ein lyseksplosjon med jord under neglene og ein frydefull sikleflekk under haka kjem du mot meg i den gule genseren, krabbande, våt, gjennom salatbedet.
Då me så hadde knelt i la eg og alle dei ukjende, men underleg nære menneska ville eg tømma begeret til botns, få i meg kvar minste dropen av Jesu blod, heile min rasjon nåde. To blanke dropar låg att på botnen, eg såg Guds nåde som ikkje lot seg tømma.
I natt kom grandtante MArgit opp frå grava og bles åttifem år gammalt støv av kroppen. Ho farga det gråkvite håret tulipanraudt og kjøpte seg kappeskjørt og cowboystøvlar. Med jubel erobra ho verda medan familien heime beit negler.
I natt gjorde grandtante Margit opprør og okkuperte draumane mine.